Palepop 2026
Uforgløymeleg folkefest over to dagar, kor musikk, kystkultur og fantastiske minner i unike omgjevnader legg lista! Avgrensa antal billettar – fyrst til mølla!
Austevoll sitt nye musikalske flaggskip!
Velkommen til Palepop – festivalen der bølgene møter basslinjene, og Austevoll viser seg frå si beste side!
24.–25. juli 2026 samlar me folk frå heile landet til to dagar med musikk, glede og ekte sommarstemning på Stangeland Gard på Stolmen og Pakkeriet på Møkster!
🎶 Musikken: Ei blanding av lokale heltar, nye stjerneskot og kjende nasjonale artistar – alt frå akustisk idyll til full fest.
🍔 Maten: Lokale smakar, kald drikke og kortreist stemning.
🏝️ Staden: Midt i havgapet – med solnedgong, sjøsprøyt og smil så langt auget rekk.
Palepop tilbyr eit variert program med nasjonale, regionale og lokale artistar, følg med på palepop.no, facebook eller instagram for oppdatert program.
Palepop er ikkje berre ein festival – det er ei feiring av øylivet, fellesskapet og dei minnerike sommarkveldane.
Så grip billetten, pakk smilet – og bli med på eventyret!
Restriktioner
Aldersgrense 18 år.
Ansvarsfriskrivning
Programendring kan førekomme.
Det er ingen refusjon ved kansellering av enkelt konsertar.
Kun krav om full refusjon om heile arrangementet vert avlyst.