Palepop 2027
9. og 10. juli 2027 er Palepop tilbake på Stangeland Gard på Stolmen! 🌊
Etter debutåret i 2026 gjer me oss klare for ei ny festivalhelg ytst i havgapet. To dagar med musikk, folkeliv og ei god blanding av lokale talent, sterke namn frå Vestlandet og nokre av dei største artistane i landet.
På Stangeland Gard blir det konsertar på fleire scener, frå hovudscena ute til meir intime konsertar i Løo. I tillegg blir det satellittkonsertar på utvalde stader i Austevoll.
Dette kan du vente deg:
🎶 Konsertar med lokale, regionale og nasjonale artistar
🎪 Fleire scener på festivalområdet
🎡 Dagprogram for yngre publikum og barnefamiliar
🍔 Matvogner, servering og fleire barar
🚌 Shuttlebussar mellom tettstadene i Austevoll og festivalområdet
⛺ Festivalcamp i nærleik til festivalområdet
🎙️ Kven som står på scenene i 2027, får du vite etter kvart. Artistane blir sleppte fortløpande.
Me gler oss til å samle både gamle og nye festivalgjester til ei ny helg på Stolmen.
Palepop 2027. Du fiska etter noko fint. Du fekk ei pala. Heldigvis.
Følg med på palepop.no, facebook eller instagram for artistslepp, program og praktisk informasjon.
Obmedzenia
Aldersgrenser og vergeordning
Det er 18-årsgrense på kveldskonsertane. Personar under 18 år kan delta i følgje med ein edru verge over 28 år.
Born under 16 år kjem inn gratis på dagprogrammet.
Les meir om vergeordninga på palepop.no/faq.
Vyhlásenie
Programendringar kan førekome. Eventuelle avlysingar og endringar blir handterte i samsvar med gjeldande billettvilkår og regelverk.